
RT Audun Hugleikson vart skipe 26.09.2009
Seglet for tempelet er laga ut frå skisser av Audun Hugleikson sitt segl. Han var frå Ålhus i Jølster, og var rekna for den mest lovkunnige mannen på den tida då Magnus Lagabøte laga landslov for Noreg. Det er ein rekonstruksjon som Selja Forlag fekk laga i samband med utgjevinga av boka om mannen. Han fekk det i gåve frå den skotske kongen på 1200-talet. Seglet er tilpassa ordenen ved triangelet i midten. Det symboliserer vern om den enkelte, familien og fedrelandet. Tempelet vil arbeide for sanning, kjærleik, reinleik og truskap.